Sommar på Sunnmøre er lyse netter, der sola legg seg seint og står tidleg opp. Dagane kan ofte ha eit lite stikk av kald nordavind sjølv når sola skin, og tåka kan ofte lura i havgapet, medan fjordarmane er lunare og gir varmare sommardagar. Sunnmøre er friskt, aldri uuthaldeleg heitt, fjorden eller fjellvatnet aldri langt unna for eit forfriskande bad om gradestokken skulle krypa oppover, og eviglange dagar som gir rom for nye opplevingar.
Kvar kveld etter middag samlast me i stova for å læra meir om historia til Union Øye. Ein stad der eventyr, kongar, dronningar og elskarar har nyt det gode liv i generasjonar.