Historiske turar til toppen av Sunnmøre

Hausten på Sunnmøre er full av kontrastar. Kvite tindar ruvar over fjellsider i gult, oransje og raudt. Stille fjordvatn speglar himmelen før hauststormane rullar inn over landskapet – og inne på Union Øye ventar varme stover, knitring i peisen og rolege augeblikk. Her kan du synke djupt ned i eit varmt badekar, høyre vinden ruske i veggane og kjenne kvardagen sleppe taket.

Om hausten er kanskje smakane av Sunnmøre på sitt aller beste. Frå havet får vi skalldyr på sitt mest smakfulle, medan skogen byr på skattar langs mosegrodde stigar. Epla og frukta frå fjordbygdene blir til søt bakst og heimelaga syltetøy. Ein kopp te – eller noko godt i glaset – smakar ekstra godt i lune og historiske omgjevnader, gjerne saman med ei god bok eller eit puslespel på bordet framfor deg.

Velkommen til hausten på Union Øye.

Bu lenger

Vi spanderer tredje natt i mars og april, oktober og november.

Book opphald

Vandrepakke

Opplev nokre av Noregs vakraste og mest spektakulære fjellturar

Les meir

Romantisk opphald

Ei kjæleikshistorie sidan 1891.

Les meir

Når fjella kallar

Om hausten lokkar Sunnmørsalpane med storslåtte fjellturar i eit landskap i forandring. Dei ikoniske tindane ruvar tett på Union Øye – så nært at du frå glasstaket i Conservatory kan nyte utsikta rett opp mot fjella. Like utanfor døra til hotellet startar ferden mot majestetiske Slogen, som reiser seg høgt over bygda.

Ein kort køyretur langs fjorden tek deg til Urke, der fleire kjende turar har sitt utgangspunkt. Her kan du bestige Saksa, gå til Egilbu, krysse Urkeegga, eller leggje turen innom Patchellhytta.

På Union Øye er vi ein fjellentusiastisk gjeng som med glede deler våre beste tips og eigne favoritturar. Vi veit at ein god tur blir enda betre med ei skikkeleg nistepakke – den kan du sjølvsagt bestille frå kjøkenet vårt.

Opplev fjordene med våre aktiviteter