Ein eventyrleg førjulstid

Djupt inne i fjorden, omkransa av snøkvite tindar ligg vakre Union Øye. Kledd i si flottaste festdrakt står det historiske hotellet som eit lysglimt i den stemningsfulle mørketida. November og desember gir rom for ro og stille stunder, eventyr i det storslegne landskapet og lange kveldar framfor peisen. På kjøkenet bakar vi julekaker, og måltida blir førebudd med ein vri på tradisjonelle, norske smakar. La julefreda senke seg i magiske omgivnadar med eit førjulsopphald her hos oss.


Førjulstid

Inkludert

  • Frukost
  • Historieforteljing
  • Spel, puslespel og snooker
  • Badekåpe og tøfler

Kan kjøpast i tillegg

  • Guida aktivitetar
  • Vinsmaking
  • Fjordsauna
  • Transport til/frå flyplass

Inkludert kvar kveld

Inkludert kvar kveld

Kvar kveld etter middag, ynskjer vi velkomen inn i stovene for historieforteljing. Der fortel vertskapet historia om hotellet frå 1891 og fram til no, om kongelege og eventyrarar som gjesta hotellet i fordums tider – og om Linda, stuepika vår som aldri sjekka ut. Nyt den gode stunda saman med andre reisande og finn deg godt til rette i stovene for ei spennande reise tilbake i tid.

Historieforteljing

Sesongens pakkar

Romantisk opphald

Ei kjæleikshistorie sidan 1891.

Julefeiring

Fortryllande julestemning ved fjorden.

Vandrehelg

Bu med guida fjelltur inkludert i opphaldet.

Opplev Sunnmøre med våre aktivitetar