Våren inst i Norangsfjorden er eit syn som henta frå eit eventyr. Med kvite fjelltoppar som tronar over grøne dalar, glitrande fjordar og ville fossefall, er det lett å sjå korleis kunstnarar har funne inspirasjon i dette fortryllande hjørnet av verda.
Med eit vårbesøk til Union Øye kjem du tett på dei oppvaknande dalane. For skientusiasten byr Sunnmørsalpane på storslagne opplevingar og snøsikre forhold heilt fram til april. Medan dalane er kledd i vårens grøne drakt og innbyr til mjukare eventyr og rein avslapning. Her inviterar omgivnadane til flotte fjellturar og sykling i Norangsdalen, kajakkpadling og båtturar på fjorden. Og frå vår fjordsauna kan du oppleve det forfriskande møtet mellom fjord og smeltevatn – ei høgst vitaliserande oppleving.
Når våren kjem til fjordane, vaknar naturen til liv på magisk vis. Her er våre kjæraste vårteikn og opplevingar:
Dei første vårteikna finn vi langs bakken når snøklokkar og kvitveis målar grasbakkane og skogkantane i eit kvitt teppe. Dei kvite blomane speglar seg vakkert mot dei snødekte fjelltoppane.
Inst i fjordane varmar sola ekstra godt når ho først kikar over fjelltoppane. Då kan du nyta dei første måltida utandørs og det første deilige glaset med noko kaldt medan sola varmar kinna våre.
Når snøen smeltar i fjella, vaknar dei mange fossane i regionen til liv – frå små sildrande bekker til mektige fossefall – og vert til mektige syn av naturens kraft.
Om våren vert beitedyra sleppte ut, og gjennom Norangsdalen kan du helse på små søte lam og kyr som er på sommarbeitet sitt.