Q&A

Tilbyr de transport frå flyplassen?

Me tilbyr privat transport med bilen til hotellet, båt og helikopter. Kontakt oss for bestilling.

Kan eg parkera bilen min på hotellet?

Me har gratis parkering for alle gjester. Køyr gjerne bilen fram til døra så hjelper me deg med bagasjen før parkering.

Er det mogleg å lada elbilen min?

Me har lademoglegheiter for alle elektriske køyretøy. Spør i resepsjonen om lading, så koplar me deg til. Ein ekstra kostnad for lading kjem i tillegg.

Kan eg fortøya båten min ved hotellet?

Hotellgjester er velkomne til å fortøya båten sin på kaien vår. Kontakt oss for reservasjonar.

Når er innsjekk og utsjekk?

Du er velkommen til å sjekka inn frå kl 16.00. Utsjekk er kl 12.00

Kan eg ta med hunden min?

Vi forstår at kjæledyr er ein viktig del av familien. Derfor tek vi gjerne imot pelskledde venner mot ein kostnad på 600,- per opphald.

Er det bar på hotellet?

I Palmehagen serverer me eit kuratert utval av øl, vin og god drikke. Spør gjerne bartenderen om signaturen våre cocktailar.

Kan eg bestilla bord i restaurantane?

Me har fleire restaurantar og hjelper gjerne med bordbestillingar.

Er frukost inkludert i opphaldet?

Frukost er inkludert i romprisen og inkluderer ein liten buffé og serveringar frå vår à la carte frukostmeny.

Kor mange rom er det på Union Øye?

Me har 38 rom og du kan bu i hovudbygningen eller i husa på Klyngetunet.

Har de ein lobby shop?

Me er stolte av lobbyshopen vår. Her finn du ullklær og tilbehøyr frå Devold og O.A.D, vassflasker, termos, postkort, kart og dei elska produkta våre for å ta med heim.

Kan eg betala med kontantar og kort?

I Noreg er kontantar stadig mindre i bruk. Og dei fleste bedrifter og restaurantar aksepterer berre kortbetaling. Det er likevel alltid ein god idé å ha tilgang til Vipps eller litt kontantar i tilfelle du støyter på ei bedrift som ikkje aksepterer kort som ein del av ture

Kan me følgja dykk i sosiale medier?

Følg oss gjerne sosiale kanalar for å halda deg oppdatert på alle dei siste hendingane. Her finn du vakre bilete av hotellet vårt og naturen rundt, og dessutan oppdateringar om arrangement og kampanjar. Få ein sniktitt av kva du kan forventa av opphaldet ditt og start reisa før du kjem til hotellet . Du finn oss på din favoritt sosiale medium plattform @unionoye.