Frå 1 750,- for 1,5 timer.
Inst i Norangsfjorden, like nedanfor hotellet, finn du ei flytande sauna med utsikt mot fjella. Her kan du nyte ei avslappande stund omkransa av mektig natur og stilla frå fjorden.
For dei som ønskjer ei frisk oppleving, ventar det klåre fjordvatnet rett utanfor. Eit dykk i det kalde vatnet aukar blodsirkulasjonen, styrkjer immunforsvaret og gjev ei herleg kjensle av energi og fornying. Badstove og isbading har lange tradisjonar i Noreg, og kontrasten mellom varme og kulde gjev ei heilt spesiell kjensle av velvære.
Anten du tek eit forfriskande bad, eller berre nyt roa og varmen, er dette den perfekte staden for å finne balanse og slappe av i vakre omgjevnader.