Dagsleige frå 8 000,-
Idylliske små seterstølar og stupbratte fjell omgir deg når du bevegar deg frå Hellesylt til Union Øye, i ei retning eller annan, så er den ei oppleving ein konge og dronning verdig. Norangsdalen har dei mest vedunderlege landskapa, med snøfenner i skuggen av fjellet og fjelltoppar som speglar seg i stille fjellvatn. Det er ein smal veg så ta deg god tid og nyt utsikta og opplevinga ho gir – om det er på sykkelsetet eller bak rattet i ein bil. Litt ned i dalen finn du også Lyngstøylvatnet som er resultatet av eit ras som gjekk i 1908 og stengde av elva, slik at denne setra vart demd opp og vart liggjande under vatn.
Trollstigen vart opna i 1936 og vore til glede for køyreglade sidan då. La deg riva med av den enorme naturen og det imponerande byggverket som med tolmod er hogge inn i fjellet. Trollstigen bind saman Åndalsnes med Valldal, og tek deg gjennom 11 hårnålssvingar opp gjennom fjellsida før det flatar ut og tek deg ned via Gudbrandsjuvet og til *Valldalen på andre sida, til jordbærbygda kor sola alltid skin.
Kjem du køyrande til oss, så ta deg god tid og nyt utsikta. Kjem du med fly så be oss om å ta deg med på ein av våre bilturar anten som transport mellom hotell og aktivitetar eller som ein aktivitet i seg sjølv – du vil ikkje angre.