Gli stille over fjorden

Padle ein av Noregs vakraste fjordar, omkransa av majestetiske fjelltoppar som speglar seg i vatnet. Med utgangspunkt frå nausta rett nedenfor hotellet, innerst i Norangsfjorden ventar ei unik padleoppleving. Her kan du gli stille over vatnet, driven framover av eiga kraft medan du utforskar den spektakulære fjordarmen. Fjorden ligg som regel roleg og innbydande, godt verna mot vêret frå storhavet. På padleturen kan du ta pause ved små holmar, kanskje møte geiter på beite langs fjordkanten, og nyte den særeigne stilla der berre padletaka bryt vassflata. Med fjellveggar som stig over tusen meter rett opp frå fjorden, blir dette ei oppleving du seint vil gløyme.

Kajakktur

Frå 1 699,- per person for guida fellestur. Daglege avgangar frå 14.00–16.30.

Frå 6 250 for privat guida turer (prisen gjelder 2 personer, maks deltagere er 8).

Kajakkturar på fjorden

Inkludert

  • kajakk
  • padleåre
  • padlevest

Kan kjøpast i tillegg

  • privat guide
  • lunsj